cantando

Ynskjer du deg ein hobby ?  
Kom og syng ilag med oss då vel!! Akkurat no øver vi på spennande nytt repertoar. Planen er også at vi i mars skal ha korkafe på Samhald, Barstadvik med mykje kjekk song og musikk, gjestekor, lotteri og sjølvsagt stort kakebord. Vi planlegg også å avsluttar vårsesongen 2024 med deltaking i stemne Volda og det gler vi oss alle til.
I Blandakoret Cantando er vi ein glad gjeng på vel tjue godt vaksne kvinner og menn frå Hjørundfjordstranda, alle bygdene langs Vartdalsfjorden, og vidare innover til Ørsta sentrum. Vi møtes på halvegen på Vartdal skule, om tysdagskveldane kl.19.00-21.00, for å synge ilag. Blandakoret Cantando er tretten år gammalt og vart skipa i 2010 då Songlaget Bard i Barstadvika og Vartdal Blandakor samla songarane og notane sine i eit kor.
I Cantando har vi ei uhøgtidleg omgangsform med mykje latter og moro og eit godt sosialt miljø.
Vi arrangerer korkafear, julekonsertar, besøker Helsetun på Nøre-Vartdal og tek turen på stemne rundt på Sunnmøre og nedover i Sogn.
Turen vår til Irland for nokre år sidan gav meirsmak så no planlegg vi ny tur, denne gang til Krakow i oktober.
Repertoaret er lett og allsidig med blanding av tradisjonelt og moderne stoff og vi har ein drivande flink dirigent i Morten Bollerud, som til tider kan vere svært humoristisk. Ikkje rart vi trives så godt i lag at vi knappast kan vere vekke ein einaste øvingsdag.
Og som Prots seier det : " Dei som syng ilag og brukar stemma si får betre mental helse og lever lenger "

Om du lurer på noko så ring 906 05 120 og la vi ta oss ein prat:-)

Sjanger: Blandet

Leder: Bente Hammer Sætre
Medlemmer: 23
Dirigent: Morten Bollerud
Kortype: Blandakor