corsonus

CorSonus er ein gjeng friske, humørfylte Hareidsdamer som har eit varmt forhold til song. Koret vart starta i 2015 og har sidan då bygd opp eit variert og tidvis ambisiøst repertoar med alt frå moderne pop til tidlause klassikarar og folkemusikk. Mange opptredenar har det blitt, og lite gledar damene meir enn å få dele songgleda med andre.

Dirigent og musikalsk leiar er Iris Kristine Tangen - ei myndig og drivande dyktig dame som utfordrar koret både rytmisk og musikalsk. Mange personlege sperrer har blitt seira over, og medlemmane opplever meistring og utvikling i eit godt sosialt felleskap. Iris har nådd mange milepælar med koret frå den spede starten og fram til i dag, med gode resultat frå både «Syng med oss» i Grieghallen og NM i Trondheim. Slikt gir motivasjon og pågangsmot til glade amatørar, og drivkraft til å øve vidare.

Sjanger: Blandet

Leder: Solveig Husby
Medlemmer: 36
Dirigent: Iris Kristine Tangen
Kortype: Damekor