Forside / Om oss / Våre distriktsledd / Vestlandet / NK Sogn og Fjordane / Støtteordningar

Støtteordningar

Støtteordningar

Norges Korforbund Sogn og Fjordane har i dag 3 stønadsordningar. Alle vedtekne på årsmøte 2022.

1. Dirigentstipend

2. Tilskot til seminar

3. Tiltaksretta midlar

 

NKSF si målsetting med stønadsordningane:

· å fremje musikkfagleg vidareutvikling av både dirigentar og kormedlemer.

· å stimulere tiltak som fremjar og profilerer kor-rørsla både på kvalitet og kvantitet.

Styret har i sin gjennomgang av ordningane i 2022 lagt dette til grunn:

· Vilkåra for å kunne søkje stønad skal vere lettfattelege og lett tilgjengelege.

· Kvar søknad skal handsamast berre ein gong hjå NKSF.

· Stønaden er meir signaleffekt enn å sjå på som finansiering.

· Kvar søkjar kan få tildelt berre ein gong frå kvar ordning kvart kalenderår.

 

1) DIRIGENTSTIPEND

NKSF vil gje stønad til dirigentar som ynskjer vidare musikkfagleg utvikling. Stipend kan gjevast til:

· Kurs / seminar / studieopphald som kan gje dirigenten

· Auka kompetanse i høve kordireksjon og songteknikk.

Stipendet har ei øvre grense på kr: 10.000,- pr. søkjar pr. år.

Stadfesting av kostnadar og plasstildeling/gjennomføring må leggjast ved ! Søknadar vert handsama etterkvart som dei kjem inn til NKSF.

 

2) TILSKOT TIL SEMINAR

NKSF vil gje stønad til seminar som fremjar musikkfagleg utvikling hjå kormedlemer. Kor som planlegg eigne seminar med innleigd instruktør kan søkje om tilskot til:

· Helgekurs eller innleigd instruktør til "vanlege" øvingar.

· Tilskotet kan ikkje søkjast om ved bruk av eigen dirigent eller stemmeøvarar.

Tilskotet har ei øvre grense på kr 8 000,- pr. søkjar pr. år. Stadfesting av kostnadar og gjennomføring må leggjast ved ! Søknadar vert handsama etterkvart som dei kjem inn til NKSF.

 

3) TILTAKSRETTA MIDLAR

NKSF vil gje stønad til tiltak som fremjar korrørsla både når det gjeld kvalitet og kvantitet. Tiltak som aukar musikkfagleg kompetanse, rekrutterer nye songarar og profilerer korsongen. Samarbeid med andre kulturaktørar vil vere ein viktig føresetnad for å nå ei slik målsetting. Ei synleg og berekraftig kor-rørsle vil vere avhengig av: dyktige dirigentar, songarar med evne og vilje til vidareutvikling, og dyktige tillitsvalde med målsetting om utvikling av korørsla. Tiltaksretta midlar kan gjevast til:

· Tiltak retta mot rekruttering av yngre songarar

· Korsongarar som tek korrelatert utdanning som kan føre til nytenking og utvikling i koret.

· Samarbeid med andre kulturaktørar som endar opp med ei/fleire konserttilskipingar.

Tiltaksretta midlar har ei øvre grense på kr: 7 000,- pr. søkjar pr. år. Søknad må sendast NKSF og innehalde:

· Opplysningar om søkjar/søkjarane

· Plan for- / rapport om tiltaket

· Budsjett / rekneskap

· Synleggjering av eigeninnsats og billettprisar (OBS ! Krav om billettinntekter ved konserter !)

· Kto.nr. for utbetaling og økonomiansvarleg sitt namn og tlf.nr.

· Stadfesting av gjennomføringa av tiltaket må leggjast ved !

·

Søknadar vert handsama etterkvart som dei kjem inn til NKS Søknadsskjema finn du her ved å trykke på linken under.


SØKNADSSKJEMA

Søknadsskjema lastar du ned her.