Hopp over båndkommandoer
Hopp til hovedinnhold
Skip Navigation LinksKor > Utlysninger > Kor søker dirigent > Møre og Romsdal

Møre og Romsdal

​Ørstakoret søkjer etter ny dirigent frå 1. februar 2020Ørstakoret.png

Send søknad, og evt. spørsmål til orstakoret@kor.no 
Søknadsfrist 14. januar 2020

Ørstakoret har hatt Ketil Grøtting til dirigent dei siste fem åra, men no har han fått ny jobb som kantor i Lommedalen, og dermed treng vi ny dirigent. 

Ørstakoret kan tilby ordna  løns- og arbeidtidsforhold med tilsetting gjennom Ørsta kulturskule.
Koret har  litt over 30 medlemar.  Vi har eit godt sosialt miljø med mykje humor og lått, vi er arbeidsvillige og liker utfordringar. Det er viktig for oss å ha ein engasjert dirigent som er oppteken av kvalitet,  utvikling og  godt samarbeid, og som er eigna til samspel med akkurat vårt kor.
Repertoaret vårt er variert og femner om eit  spekter frå store korverk til nyare og meir eksperimentell musikk, og til lettare sjangrar.  

Vi liker å synge alt frå kyrkjemusikk til musikalstoff, og frå Ivar Aasen til tango! Vi trivst med mangfaldet og synest at det er viktig! Utanom konsertar i ulike sjangrar held vi korkaféar, arrangerer motevising to gongar i året, tek på oss vanlege koroppdrag, er med på songarstemne og samarbeider gjerne med andre kor. 
Ørstakoret har og vore på festivalar til Wales, Ungarn, Sør-Afrika, Irland og Italia. Kanskje fer vi på ein ny utanlandstur i 2020 eller i 2021, om alt klaffar.

Om du vil vite meir om Ørstakoret, frå historikk og notid, kan du finne oss både på denne sida på kor.no