Forside / Dirigent / Ledige dirigentjobber / Sunnmøre

Sunnmøre

Sunnmøre

Brandalskoret søker ny musikalsk leiar

Vår dirigent gjennom 11 år har sagt opp, og vi ser etter hennar arvtakar.

Brandalskoret er eit blandakor, heimehøyrande i Hareid Kommune. Vi er 28 medlemmer og har øving ein gong pr. veke i Brandal, men vi er åpne for å finne andre løysingar rundt øvingstid og stad.

Vi har eit breitt repertoar som spenner frå folketonar, gospel, salmar, klassiske verk og rytmisk krevende songar som t.d Words av The Real Group.

Koristane har ulik erfaring innan notelesing men vi har utvikla oss godt saman iløpet av dei 23 åra koret har eksistert.

Koret har eit styre som har ansvar for den generelle drifta, samt et musikkutvalg som i samarbeid med dirigent velger ut repertoar til dei ulike aktivitetane/arrangementa.

I tillegg til lokale konsertar, er vi glade i å reise på tur både i inn- og utland.

Vi ønsker oss ein inspirerende, entusiastisk og tydelig dirigent. Sjølv om vi syng mest A-Capella er det eit stort pluss om du kan spele piano og evt. lage lydfiler for heimeøvingar.

Det ligg diverse opptak av koret på Youtube, og ellers finn du oss på Facebook som Brandalskoret.

Kunne dette vere interessant for deg ?

Ta kontakt med:

Elisabeth Gjerde ( leiar ) Tlf.: 993 24 892 / brandalskoret@gmail.com

 

Publisert: 15.06.2022