Hopp til hovedinnhold

Ørstakoret

Om koret

Ørstakoret vart skipa i 1939, då under namnet Ørsta Ungdomskor, og vi feira 80-årsjubileum i 2019. Koret tel i dag 24 medlemer og vi har øving kvar onsdag 19.30 - 22.00 i kjellaren i Ørsta Frikyrkje, 6153 Ørsta. Ørstakoret har eit breitt repertoar, frå kyrkjemusikk til klassiske perler, frå folketonar til moderne songar, frå musikal til lokal musikk. Det skal vere låg terskel for å starte i Ørstakoret, vi har inga stemmeprøve ved oppstart og alle får fleire vekers prøvetid til å finne ut om dei trivst. Korsong er sunt, i fylgje forsking, både for den mentale helsa og for kroppen, det gir mykje glede, meistringskjensle og sosialt fellesskap Vi har det kjekt i lag både på øving, på konsertar og på reiser. Låtten sit laust, og vi tek godt imot nye kormedlemer. Dei som syng saman knyter gode band! Om det du har lese over her fell i smak og du får lyst til å vere med, er det berre å møte opp til øving i kjellaren på Ørsta Frikyrkje! Vi vil gjerne ha deg med! NOKRE KONSERTAR DEI SISTE ÅRA "Tango og tzatziki" i Ørsta kulturhus 3.04.2011 Framføring av "Stabat Mater" i Volda kyrkje 23.10.2011 Ivar Aasen-konsert i Aasentunet 24.02.2013 Utekonsert i Ørsta sentrum 5. juni 2013 Ivar Aasen-konsert i Trivselshagen på Sandane 15.09.2013 75 års jubileumskonsert, og jubileumsfest, 26. april 2014 Julekonsert saman m. Volda blandakor med Hanne Krogh og tre tenorar i Volda kyrkje 26.11.2014 Julekonsert saman med Ørsta Frikyrkjekor og ungdomssymfonikarane i Ørsta og Volda i Ørsta bedehus 6.12. og Volda kyrkje 7.12.2014. Todelt sommarkonsert i Ørsta kyrkje og Ørsta kunsthus 11. juni 2015, med påfylgjande sommarfest, inkludert utdeling av heidersteikn, på Kunsthuset. Framføring av "The Armed Man" av Karl Jenkins saman med Volda Vokal, Høgskulekoret og Høgskuleorkesteret i Volda 14. og 15. november 2015 i Propellhallen Arena i Volda. Julekonsert i Ørsta kyrkje 20. desember 2015. Deltaking i urframføring av opera "Kimen" av Magnar Åm, juni 2018. Julekonsert i Ørsta kyrkje 9. desember 2018. Her står det att å føre på dei siste åra. Turar til utlandet: -Eisteddfod i Llangollen, Wales i 1994. -International Music Festival Eger-Budapest, Ungarn i 1998. -NORSA Festival, Port Elizabeth, Sør-Afrika i 2002. -Galway/Dublin, Irland i 2007. -Korfestival ”Verona-Garda Estate” i Verona, Italia i juli 2016. Litt frå historia til koret: Av tidlegare store prosjekt kan nemnast: Händels "Messias", "The Armed Man" av Karl Jenkins, Haydns "Skapinga", Mozarts "Requiem", Mendelssohns "Elias", Brahms "Ein deutsches Requiem", Dvo?áks "Stabat Mater" og det moderne verket "Carmina Burana" av Carl Orff.

Nøkkelinfo

Type kor: Blandakor

Sjanger: Blandede sjangre

Øvingstid: Onsdag 19:30–22:00

Adresse: Ørsta frikyrkje, matsal i kjellaren,, Vikegata 7, 6153, Ørsta

Distriktsledd: Sunnmøre

Besøk Ørstakoret på Facebook

Har du lyst til å
bli med i et kor?

Å bli med i kor er enklere enn du tror. Her er din guide til hvordan du kommer i gang!

Ønsker du å vise
frem koret ditt her?

Som medlem i Norges Korforbund får koret ditt en rekke fordeler, blant annet økt synlighet ved å presenteres på våre sider.