cantando

Ynskjer du deg ein hobby ?  Kom og syng ilag med oss då vel!! Akkurat no øver vi på songar til eit spennande nytt prosjekt med film musikk, som vi har planer om å framføre når det igjen blir lov å samlast. Planen er også at vi i april skal ha korkafe på Soltjeld med mykje kjekk song og musikk, gjestekor, lotteri og sjølvsagt stort kakebord. Vi planlegg også å avsluttar vårsesongen 2021med deltaking i stemne i Fosnavåg og det gler vi oss alle til.
I Cantando er vi ein glad gjeng songarar frå langs Vartdalsstranda, frå Standal til Ørsta, som møtast til øving kvar tirsdag frå kl. 19.30 - 21.30 Soltjeld på Vartdal. Då øver vi til konsertar og korkafèar vår og haust, i tillegg kosar vi oss og har det moro. Vi reiser også på songarstemne og turen til Irland hausten 2019 gav meirsmak så vi planlegg ny om eit par år.
For den som likar å syngje er det kjekt å vere med i kor. I Cantando har vi ei uhøgtidleg omgangsform med mykje latter. Repertoaret vårt er lett og allsidig med blanding av tradisjonelt og moderne stoff og ein drivande flink dirigent i Morten Bollerud.
Om du har lyst å finne ut korleis det er å syngje i kor med oss, må du kome på ei øving og sjå om ikkje dette er midt i blinken for deg ! :)

Og Prots sei det så fint : " Dei som syng ilag og brukar stemma si får betre mental helse og lever lenger "

Om du lurer på noko så ring :

Tlf 906 05 120

Berit Solhjem
leiar Cantando
Sjanger: Blandet

Leder: Karin Marie Vartdal
Medlemmer: 24
Dirigent: Morten Bollerud
Kortype: Blandakor