Norges Korforbund Sogn og Fjordane inviterer til dirigentkurs med Ketil Jule Bjørnstad Belsaas.
Stad: Skei
Tid: Laurdag 11. mars kl 11-17 og Søndag 12. mars kl 10-15
Pris: Overnatting i enkeltrom med heilpensjon + dagpakke søndag kr. 2215, eller dagpakke laurdag og søndag kr 570,- pr dag
Påmeldingsfrist: 1. mars
Påmelding: til musikkfagleg ansvarleg i NKSF Heidi Rennestraum, h-irene@frisurf.no, mobil 3808732
Kurset vil innehalde tema som:
- grunnleggande slagteknikk
- repertoarkunnskap
- innstuderingsteknikk
- formidling og interpretasjon
- innføring i øvingsplanar og bruk av IKT-verktøy
- dirigenten si eigen førebuing
- koristane si eigen førebuing
Instruktør for kurset er Ketil Jule Bjørnstad Belsaas, som fleire av dykk kjenner frå Prosjekt Korutvikling.
Ketil Jule Bjørnstad Belsaas er dirigent for Trønderkor og Embla.
Han er utdanna songar og dirigent frå Universitetet i Trondheim og Oslo, samt Høgskolen i Hedmark avdeling Hamar. Han har hovudfag i korleiing frå Norges Musikkhøgskole med Grete Pedersen og Tore Erik Mohn, og korpedagogikk frå Hamar med Thomas Caplin.
Ketil har vore rettleiar for dirigentar og kor i Sogn og Fjordane gjennom mange år, i samband med Prosjekt Korutvikling. Til dagleg arbeider han som avdelingsleiar for studieførebuande med musikk ved Heimdal videregående skole i Trondheim.
Hjarteleg velkome til kurs.